This is how your name and profile photo will appear on Panoramio if you connect this Google+ account.
You cannot switch to a different account later.
Learn more.
I Eidsborg hev segnene om den mektige Åse Stålekleiv livt på folkemunn frå mellomalderen og fram til i dag. Ho var ei rik og og stolt kvinne, og det er sagt at ho åtte nesten heile bygdi. Her i den vesle tjønnpytten, som vert kalla Mærdalstjønni, skal ho ha sett ned tri ”buhagskjelar” fulle med pengar, ein under kvar av dei tri torvene i tjønni. Ein bughagskjele er ein stor koparkjele, som vart nytta til ysting. Det er òg fortalt at ho heime på garden sin søkkte pengeskrinet sitt ned med trolldom i matvassbekken. Der kunne ein sidan høyre det skrangla i pengar når sledemeien gjekk over skrinet. Mange hev leita etter skattane hennar Åse, men ingen hev enno funne noko!
Møyskrivet eller Møyskrivrenna er ei djup renne med loddrett fjell på båe sider. Utpå dette veldige gjelet ligg ei diger steinhelle tvers over renna. Herfrå kan du sjå rett ned i Bandak, 600 meter nede.
Ei segn fortel at ei dødsdømd jente skulle sleppe straff dersom ho greidde å hoppe over dette gjelet, heilt uppe på toppen. Ho skal ha greidd det, og derav kjem dette namnet, Møyskrivet. Det høyrest utruleg ut, for her kjem berre fjukande over!
Framleis liver soga om ei tømmerdrift innpå heii her i 1904. Dei ville freiste og fire tømmerstokkane ned renna ved hjelp av eit vindespel, for så å sende dei ned fjellet til Bandak. Forsøket gjekk ikkje så bra og enda med at heile innretningi vart rykt overende og forsvann i rasande flog gjenom renna og utover fjellet.
Hetland's conversations
Lårdal with lake Bandak
I Eidsborg hev segnene om den mektige Åse Stålekleiv livt på folkemunn frå mellomalderen og fram til i dag. Ho var ei rik og og stolt kvinne, og det er sagt at ho åtte nesten heile bygdi. Her i den vesle tjønnpytten, som vert kalla Mærdalstjønni, skal ho ha sett ned tri ”buhagskjelar” fulle med pengar, ein under kvar av dei tri torvene i tjønni. Ein bughagskjele er ein stor koparkjele, som vart nytta til ysting. Det er òg fortalt at ho heime på garden sin søkkte pengeskrinet sitt ned med trolldom i matvassbekken. Der kunne ein sidan høyre det skrangla i pengar når sledemeien gjekk over skrinet. Mange hev leita etter skattane hennar Åse, men ingen hev enno funne noko!
Møyskrivet eller Møyskrivrenna er ei djup renne med loddrett fjell på båe sider. Utpå dette veldige gjelet ligg ei diger steinhelle tvers over renna. Herfrå kan du sjå rett ned i Bandak, 600 meter nede. Ei segn fortel at ei dødsdømd jente skulle sleppe straff dersom ho greidde å hoppe over dette gjelet, heilt uppe på toppen. Ho skal ha greidd det, og derav kjem dette namnet, Møyskrivet. Det høyrest utruleg ut, for her kjem berre fjukande over! Framleis liver soga om ei tømmerdrift innpå heii her i 1904. Dei ville freiste og fire tømmerstokkane ned renna ved hjelp av eit vindespel, for så å sende dei ned fjellet til Bandak. Forsøket gjekk ikkje så bra og enda med at heile innretningi vart rykt overende og forsvann i rasande flog gjenom renna og utover fjellet.